• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    25.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3269727
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 11.11.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Miljøterapeut 100 %

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad
Storebø skule

Ansvars- og arbeidsoppgåver
Oppfølging og tilrettelegging av elevar med spesielle behov. Du ivaretar barn med skulefaglege og/eller psykososiale utfordringar. Du tar aktivt del i planlegginga og gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet saman med skulen sitt øvrige personale. Du planlegger og gjennomfører sjølvstendige aktivitetar og samlingar med grupper av barn. Du arbeider med sosiale relasjoner og meistring av sosial kompetanse. Du tar del i skulen sine felles oppgåver for eit godt psykososialt miljø. 

Kvalifikasjonar
Du har 3. årig høgskuleutdanning innen pedagogikk eller helse- og sosialfag.
Du har kompetanse og/eller erfaring med strukturert og målretta arbeid med barn med store utfordringar, spesielt utagerande åtferd.
Du kan halde eit høgt aktivitetsnivå både ute og inne.
Du behersker norsk munnleg og skriftleg.
Du har grunnleggande IKT-kunnskaper.
Det vert vektlagt erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov. 

Personlege eigenskaper
Du trivast i ein travel kvardag og er glad i å jobbe med barn.
Du har kompetanse i korleis du kan legge til rette for sosial trening.
Du kan jobbe sjølvstendig og gjennomføre aktivitetar for enkeltbarn og grupper av barn.
Du er raus, tolmodig og meistrer å jobbe med barn i alle aldre.
Du er god på relasjonbygging og tåler å stå i krevande relasjoner over tid.
Menn vert oppmoda til å søke. 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    25.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3269727
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 11.11.2020