Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Kvinnherad vidaregåande skule har omlag 400 elevar og 80 tilsette. Eit viktig mål for skulen, er å ha eit breitt opplæringstilbod i samsvar med kompetansebehova til næringslivet i regionen.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Teknikk og industriell produksjon, Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk, Service og samferdsle, Helse og oppvekstfag og tilrettelagt avdeling.
Avdeling for tilrettelagt opplæring har 11 elevar fordelt på 2 grupper. Frå og med 25.11.19 har vi ledig eit vikariat ved Kvardagsliv.
Miljøterapeuten følgjer skuleruta, har eit arbeidsår på 39 veker og har difor redusert lønnsprosent. Skulen har behov for helsefaglig utdanning, gjerne Vernepleiar eller Sjukepleiar.

Arbeidsoppgåver

Miljøterapeuten har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag. Gjennom godt teamarbeid og samarbeid med faglærar, vil den som vert tilsett vera med å sikra ei god utvikling for dei ulike elevane, samt delta i utviklingsarbeidet på avdelinga.

Kvalifikasjonar
  • Søkjer til miljøterapeutstillinga må ha høgare relevant utdanning, td. vernepleiar eller sjukepleieutd.
  • Det er ynskjeleg med erfaring med ungdom som har behov for tilrettelegging og hjelp i opplæringa.
  • Erfaring med åtferdsvanskar hos ungdom, vil vera ein føremon.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner.
  • Er dyktig på å etablere og ivareta gode relasjonar.
  • Kan arbeide sjølvstendig, er initiativrik og har interesse for å arbeide med ungdom med ulike grad av lærevanskar og sosiale vanskar. Den som vert tilsett må også kunne utføre oppgåver som til dømes stell og pleie.
Vi tilbyr
  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønnpolitikk
  • Gode pensjons- og låneordninga i KLP
  • Godt fag- og arbeidsmiljø

Andre opplysningar 

  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar