Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
01.10.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5357890Se her for andre jobber fra Gulen kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Miljørettleiar, i inntil 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ynskjer du ein spanande og variert arbeidskvardag kor du får moglegheit til å skape magiske dagar for og med born og vaksne? Då er kanskje dette ei stillig for deg!
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som miljørettleiar frå snarast/etter avtale av. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til arbeid ved skule og SFO, men arbeid i barnehage kan verte aktuelt ved behov. Miljørettleiaren vil vere ein viktig ressurs i oppfølginga av einskildelevar og grupper, og aktivitetar kring elevane. Brekke barnehage og skule består av 1- 10- skule og to barnehageavdelingar. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge
Arbeidsppgåver knytt til stillinga
- Styrking i ulike klassar
- Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper
- Kartlegging, observasjon og analyse av elevåtferd
- Ta initiativ til, samt legge til rette for, aktivitetar
- Planlegge, gjennomføre, følgje opp og dokumentere tiltak for å sikre eit godt skulemiljø
- Rettleiing av elevar og tilsette
- Arbeid på SFO morgon og ettermiddag
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning innan relevante fagretningar. Andre kan også søkje, og verte vurdert for mellombels tilsetjing
- Kompetanse/erfaring frå arbeid med barn
- Erfaring med arbeid i skule er ynskjeleg
- Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med elevane, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø og læringsmiljø for både elevar og kollegaer
- Har god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
01.10.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5357890Se her for andre jobber fra Gulen kommune