Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Miljørettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera ein del av miljørettleiar-laget i kvammaskulen?

Kvam herad har styrka laget rundt eleven, og har miljørettleiarar på alle grunnskulane. Dette skuleåret treng barneskulane i Tørvikbygd og Ålvik ein ny miljørettleiar. Arbeidstida er fem dagar i veka gjennom skuleåret, noko som utgjer 80% stilling totalt. Halvparten av arbeidet går føre seg på Tørvikbygd skule og den andre halvparten på Ålvik skule.

Me søkjer trygge og gode miljørettleiarar som brenn for at elevane skal ha det bra på skulen! I denne stillinga får du jobba med å lage miljøtiltak for einskildelevar, på klassetrinn og på skulenivå. Me treng modige og trygge vaksne som viser at dei har tru på elevane og finn løysingar om noko er vanskeleg.

I Kvam veit me at:

- all åtferd er språk

- elevane gjer så godt dei kan

- alle elevar høyrer heime på skulen

- elevar er ikkje vanskelege, men dei kan ha det vanskeleg

Målsetjinga vår er at alle elevane skal oppleva at dei vert sett, forstått og får oppleva meistring i skulekvardagen. Eit trygt og godt skulemiljø er ein føresetnad for at læring skal skje, og miljørettleiarane er med på å laga system for dette.

I Kvam herad samarbeider skulane tett, og miljørettleiarane delar erfaringar og kompetanse på tvers av skulane. Miljørettleiarane jobbar tett med skuleleiinga, dei tilsette i skulen, hjelpetenester og føresette.

Det kan verte aktuelt å tilby to stillingar på 40 % om det er fleire søkjarar som berre ynskjer å arbeide ved ein av skulane.


Arbeidsoppgåver

  • Direkte arbeid med einskilde elevar og elevgrupper med ulike utfordringar; i klasserom, ute, på andre opplæringsarenaer evt. heime hjå elevar
  • Samarbeida tett med kontaktlærarane og andre tilsette på skulen og saman utvikla gode læringsarenaer for elevane
  • Samtala med einskilde elevar, organisera aktivitetar i friminutt, og iverksetja miljøførebyggjande tiltak og rutinar på individ, gruppe og skulenivå
  • Samarbeida med og rettleia lærarar/støtteteam og leiing ved skulen
  • Samarbeida med andre instansar ved behov; helsesjukepleiar, PPT, barnevern, BUP osv
  • Ha opplæring med og støtta elevrådet ved skulen
  • Skapa gode relasjonar med elevar og føresette

Kvalifikasjonar

  • Høgskule-/universitetsutdanning (min. 3 år/bachelor): Barnevernspedagog/vernepleiar/sosionom, sekundært søkjarar med annan relevant høgskulebakgrunn.
  • Relevant vidareutdanning eller arbeidserfaring knytt til barn med psykiske helseutfordringar og/eller samansette utfordringar vil vera ei føremon
  • Kartleggings- og observasjonskompetanse
  • Kunna analysera og gjennomføra tiltak for enkeltelevar og grupper med utfordringar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du må ha førarkort og høve til å disponera eigen bil
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Har eit positivt elevsyn
  • Er fleksibel og løysingssorientert
  • Likar utfordringar, er sjølvstendig, kreativ, strukturert og modig
  • Er god på relasjonsbygging
  • Klarer å stå i krevjande situasjonar
  • Møter menneske med respekt og omtanke, uavhengig av åtferd
  • Viser høg etisk standard

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.