Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Miljøkoordinator

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du verta miljøkoordinator hjå oss i eitt år?

Kvam herad er i gang med å intensivera sitt eige arbeid innan energi- og klimaspørsmål. Miljøkoordinatoren skal motivera og engasjera dei tilsette innan energi- og klimaspørsmål. Me søkjer deg som brenn for ei bærekraftig utvikling og som kan hjelpa oss med å redusera klimagassutsleppa med inntil 55 % innan 2030 i høve til utsleppa i 1990.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøfyrtårnsertifisering av Kvam herad
  • Oppfylgjing og gjennomføring av handlingsplan for energi og klima
  • Gjennomføring av energi og klimaprosjekt i kommunen
  • Opparbeida system og rutinar for berekraftige løysingar i kommuneorganisasjonen
  • Arbeida med klimabudsjett og klimarekneskap

Kvalifikasjonar

  • Det vert søkt etter ein person med mastergrad innan fornybar energi, økologi, biologi, geografi eller energi, klima og miljø eller liknande. Det kan og vera aktuelt med bachelorgrad innan dei same faga om du har praktisk erfaring i frå energi- og klimaarbeid.

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Løysingsorientert
  • Høg etisk standard
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Fleksibel
  • Sjølvstendig
  • Evnar å motivera andre til å gjera eit godt arbeid

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegar
  • Arbeid på tvers i heile organisasjonen
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.