• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3984090
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 17.08.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Miljøarbeidarar - prosjektstillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Annonsen er opna for søkarar som har søkt via epost.  Fristen gjekk ut 15.8.21.

Aukra kommune er ein kommune lokalisert på øy- og fastlandsdel. Her er det vakker natur med nærleik til hav og fjell, flotte kulturopplevingar både i lokalmiljøet og i nærområda, og det er korte avstandar til mellom anna Molde, Åndalsnes og Ålesund.

Vil du vere med å gjere ein forskjell for ungdommar? Ved Kulturavdelinga er vi no på utkikk etter tre miljøarbeidarar i prosjektstillingar, samt tilkallingsvikarar som kan stille ved behov.

Møteplass for ungdom på Julsundet og på Gossen skal bidra til at ungdommen i Aukra skal kjenne at dei høyrer til. Ungdom treng trygge og uformelle møteplassar på fritida. Kan du tenke deg å vere med å bygge opp ein arena der fokuset er å styrke inkluderingskulturen? 
Vaksenpersonar som møter ungdom på deira arena har ei viktig rolle. For å skape stabilitet og tryggheit ønskjer vi å gjennomføre eit prosjekt der vi tilsett miljøarbeidarar som møter ungdommane kvar veke på deira fritidsarena. 
Til stillingane søkjer vi etter initiativrike og kreative personar med stort engasjement for ungdom.

Stillingane vil vere knytt til Kulturavdelinga, som utfører tenester innanfor arbeidsfelta folkehelse, idrett og friluftsliv, ungdomsarbeid, kulturskole, bibliotek, frivilligsentral, samt lokalhistorisk arbeid.

Stilling 1: Miljøarbeidar 46% 
• Ansvarleg for utearenaen og for administrasjon av prosjektet
• Utarbeide samarbeidsavtalar med frivillige, lag, organisasjonar og kommunale tenester
• Arrangere nettverksmøter for foreldre 
• Utarbeide årshjul og halvårsplan i samarbeid med ungdommane
• Arbeid på ungdomsklubben fredag/laurdag kveld kvar 3. veke og på «Etter skoletid» onsdag/torsdag kvar 3. veke
• Arbeid på ungdomsarrangement ein ettermiddag/kveld i månaden

Stilling 2: Miljøarbeidar 27%
• Arbeid på ungdomsklubben fredag/laurdag kveld kvar 3. veke og på «Etter skoletid» onsdag/torsdag kvar 3. veke
• Arbeid på ungdomsarrangement ein ettermiddag/kveld i månaden
• Delta på nettverksmøter for foreldre 
• Delta i utarbeiding av årshjul og halvårsplan i samarbeid med ungdommane

Stilling 3: Miljøarbeidar 27%
• Arbeid på ungdomsklubben fredag/laurdag kveld kvar 3. veke og på «Etter skoletid» onsdag/torsdag kvar 3. veke
• Arbeid på ungdomsarrangement ein ettermiddag/kveld i månaden
• Delta på nettverksmøter for foreldre 
• Delta i utarbeiding av årshjul og halvårsplan i samarbeid med ungdommane

Tilkallingsvikarar
Vi søker etter tilkallingsvikarar som kan vikariere i desse stillingane ved behov.

Arbeidsoppgåver:
• Samarbeide med kommunale tenester, foreldre og det frivillig kulturlivet for å lage eit tilbod der alle ungdommar har lyst til å delta. 
• Arbeide målretta med å skape opne og inkluderande møteplassar.
• Planlegge og gjennomføre ungdomsklubbkveldar, «Etter skoletid» og aktivitetar som til dømes e-sport, gaming, matlaging, ballsport, film, foto, jobbsøking, samt andre aktivitetar som ungdom er opptatt av.
• Den tilsette si rolle vil vere som inspirator, tilretteleggjar og rettleiar, ein som har tid til å lytte og samtale.

Ønska kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning, fagbrev og eller erfaring frå ungdomsarbeid er ønskeleg, men ikkje eit krav. 
• Personleg eignaheit vil bli vektlagt
• Evne til å arbeide sjølvstendig innanfor dei gitte rammer
• Gode samarbeidseigenskapar og vere ein god rollemodell
• Kjennskap til og interesse for kultur i Aukra og trendar blant ungdom
• God digital kompetanse i marknadsføring av tilbod til ungdom

Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
• Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
• Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
• Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement

Prøvetid:
• Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.

Særskilte krav:
• Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Søkarliste:
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og
grunngje dette i søknaden. Opplysningane kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om
ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova §25. Du blir varsla dersom ønsket om
reservasjon ikkje vert tatt til følgje.
Nærare opplysningar ved kultursjef Anne Jorunn Sandøy mob. 959 07 055.

Søknad sendast elektronisk.

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3984090
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 17.08.2021