Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Sommarjobb!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

 

Ynskjer du ein spennande og variert arbeidskvardag i sommar? Søk sommarjobb i Miljøarbeidartenesta!

Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng vi ferievikarar som kan gjere sommardagane gode for tenestemottakarane våre.

Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på menneske og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar.  Det er og viktig at du er ein som kan gje trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

Miljøarbeidartenesta yt tenester til personar i alle aldre med ulike funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Eininga består av ei bufellesskap og heimebaserte tenester. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

Det er ulike arbeidstider: kortvakter på dag og kveld, og/eller langvakter (inntil 12,5 timar) og nattevakter. For alle stillingane vil det vere turnusarbeid med arbeid inntil kvar 2. helg.

Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss. Det vil bli laget turnuser med arbeid inntil 100% i perioden ein kan jobbe, det vil og vere god moglegheit for helgestilling eller arbeid som tilkallingsvikar etter endt ferievikariat.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape trygghet og trivsel i brukar sin heim.
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktivitetar.
  • Bidra til at brukar opplever å vere sjefen over sine dagar.
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar. 
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov.
  • Journalføring og dokumentasjon. 
  • Praktiske gjeremål i bustaden og andre delegerte oppgåver frå leiar. 

 

Kvalifikasjonar

  • Interesse for arbeid med mennesker med utviklingshemming.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa,men ikkje eit krav.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt høgt.
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
  • Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Ynskjeleg med førarkort kl. B

 

Vi tilbyr:

  • Ein spanande og gjevande sommarjobb saman med flotte folk!
  • Godt arbeidsmiljø i eit kompetent fagmiljø.
  • Kommunen tilbyr eit nettbasert kurs om handtering av legemiddel. Dette kurset må ein fullføre og bestå før ein tek til i stillinga.
  • Du vil få intern opplæring på arbeidsstaden.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.