• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4893703
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 26.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Miljøarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Austevoll kommune har ledig 58,3 % vikariat som miljøarbeidar med arbeidsstad Miljøarbeidartenesta. Stillinga gjeld frå 12.12.2022 - 11.12.2023 med moglegheit for forlenging. 

Arbeidsstad
Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid og burettleiing tilpassa den einskilde sitt behov ut frå vedtak og tiltaksplanar

Vi søkjer ein engasjert medarbeider som vil vere med å:

  • videreutvikle tenester
  • medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør

Anna/personlege eigenskapar:

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskaper, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskjeleg
  • Fleksibel, målretta, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Gode evner til samarbeid med andre.
  • Førarkort for personbil

Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing.

Kvalifikasjoner:
Helsefagarbeidar, studenter innan helsefag eller andre med interesse for arbeidsfeltet. Søkjarar uten kvalifisert kompetanse vil bli vurdert.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4893703
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 26.11.2022