• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4236523
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 25.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Miljøarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Austevoll kommune har ledig 50 % stilling som miljøarbeidar.

Stillinga som miljøarbeidar er knytt til oppvekst og kultur, og inngår i ungdomsklubb som møtestad for ungdom. Ungdomsklubben tilbyr ulike aktivitetar tilpassa ungdommane. Stillinga er ny i kommunen og er kopla til ungdomsklubben som er under etablering

Ansvars- og arbeidsoppgåver
• Vere til stades som ein trygg og god voksen og arbeide i tett dialog med ungdommane
• Vere bindeledd mellom ungdommane og kommunen
• Drift av ungdomsklubb
• Arbeide med ulike aktivitetar, og planlegging i samarbeid med ungdomsrådet
• Vere med å tilrettelegge for eit godt arbeidsmiljø og godt ungdomsmiljø
• Bidra til utvikling av handlingsplan for ungdomsstrategi, og andre relevante planar
• Samhandling med andre einingar i kommunen, til beste for ungdommane
• Samhandling med frivilligheita og andre ungdomsklubbar
• Jobbe med retningslinjer til kommunal rettleiar -i arbeidet med fritidsklubbar og ungdomshus
• Arbeidstid og stad tilpassast aktivitetstilboda, stillinga inneber kvelds- og helgearbeid.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit ungt og kreativt miljø
  • Arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer
  • Utradisjonelle og spanande samarbeidspartnarar

Personlege eigenskapar 

  • Du er oppteken av å gje ungdom gode meistringsopplevingar i trygge rammer og er ein god rollemodell 
  • Du er god på å bygge relasjonar og kommuniserer godt med ungdom 
  • Du kan jobbe sjølvstendig og gjennomføre aktivitetar for ungdom 
  • Du har gode samarbeidsevner 
  • Du er ansvarleg, strukturert og initiativrik 

Kvalifikasjonar
Minimum fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant utdanning og/eller erfaring frå barne- og ungdomsarbeid kan erstatte fagbrev 

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4236523
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 25.11.2021