• Bedrift
    Stranda kommune
  • Søknadsfrist
    06.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Deltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6200, STRANDA
    STRANDA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2167025
  • Se her for andre jobber fra Stranda kommune
  • Oppdatert 11.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stranda kommune

Miljøarbeidar 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå.

Det er ledig 64,15 % fast stilling som miljøarbeidar frå 6. januar 2020.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida med arbeid kvar 4. helg.

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Arbeidsoppgåver
  • Miljøarbeid til personar med psykiske- /ruslidingar el. psykisk utviklingshemming.
Kvalifikasjonar
  • Autorisert  helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Gjerne erfaring frå miljøarbeid.
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan søkjarar utan utdanning bli vurdert.
  • Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
  • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt. Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
 

  • Bedrift
    Stranda kommune
  • Søknadsfrist
    06.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Deltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6200, STRANDA
    STRANDA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2167025
  • Se her for andre jobber fra Stranda kommune
  • Oppdatert 11.10.2019