• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    06.01.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6477225
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Mijøterapeut natt - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Se kildebildet

Bergtun Bufellesskap har 12 faste bebuarar. Bufellesskapet gjennomfører  i tillegg  avlastning for barn og unge. Bufellesskapet ligg på Falkhytten, og ein finn alle fasilitetar i nærleiken. Bufellesskapet har alternative turnusordningar med vanleg turnus, langvakter og døgnvakter. Bufellesskapet har kontinuitet i drifta, og det er lite turn-over.  

Aukra kommune ligg 25 minutt frå Molde. Det er ei øy med fastlandsdel, som har ca 3700 innbyggarar. Det tek ein kort fergetur på 10 minutt å kome seg hit, og ferga er gratis.  Her er flott natur med hav og fjell i nærleiken. Kultur, aktivitetar og friluftsliv er godt tilrettelagt for ei aktiv fritid. Aukra kommune har satsa på nye barnehagar, skolar, omsorgsenter og kulturhus for sine innbyggarar. Det er ein del tilflytting til kommunen, og dei siste åra har talet på innbyggarar auka.

Bergun Bufellesskap er organisert under  institusjonsdrift.  Bufellesskapet ligg ikkje langt ifrå Helsesenteret og Aukra Omsorgsenter. Bufellesskap, institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenestene i pleie og omsorg. 

Stillinga er plassert på natt og det blir tilrettelagt for at det skal passe med fergetid. Vi søkjer deg som er autoriset vernepleiar eller har anna relevant høgskoleutdanning. Helsefagarbeider kan òg bli vurdert. Du må like å arbeide i team, og ikkje vere redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova Kap 9,, ha kunnskap om målretta miljøarbeid, vere fleksibel og løysingsorientert. Du må ha høg gjennomføringsevne, og evne til å planlegge arbeidet på ein strukturert måte.

Ønskjelege kvalifikasjonar 

God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon

Du har god evne til å rettleie 

Du oppdaterer din kunnskap

Du ser nytten av teknologi i tenesta

Du er med på å utvikle tenestetilbodet  i takt med endringar i samfunnet

Du har god datakunnskap

Du behersker norsk skriftleg og munnleg

Du er personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

Ein arbeidsplass som har motiverte tilsette med interesse for faget

Varierte og utforande arbeidsoppgåver

God opplæring og gode moglegheiter for personelg utvikling 

Løn etter HTA 

Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Stønad til vidare- og etterutdanning via kommunen sitt utdanningsfond og jfr. kommunen si Kompetanseplan

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    06.01.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6477225
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune