Bedrift
Lotteri- og StiftelsestilsynetSøknadsfrist
01.09.2019Stillingsfunksjon
AdministrasjonAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
PåkrevetØnsket Språk
NorskAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAndre arbeidssteder
FørdeAntall stillinger
1karriere-kode
1992591Se her for andre jobber fra Lotteri- og Stiftelsestilsynet
- Oppdatert 14.08.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Lotteri- og Stiftelsestilsynet
MEDARBEIDAR KOMMUNIKASJON
Offentlig forvaltning
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med eit viktig samfunnsoppdrag.
Vi skal vere eit av samfunnet sine viktigaste virkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.
Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjåwww.lottstift.noEngasjert medarbeidar med kompetanse i kommunikasjon
Lotteritilsynet søker etter ein engasjert medarbeidar som skal hjelpe avdelinga med å ha god kommunikasjon med interne og eksterne brukarar, bidra til moderne tilsynsarbeid og vere ein ressurs i sakshandsaming av forvaltningsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- sikre god kommunikasjon mot eksterne brukarar
- fasilitere samarbeid og deling av insikt og fagkunnskap internt og eksternt
- saksbehandling innan Lotteritilsynet sine til ei kvar tid prioriterte oppgåver
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning innan kommunikasjon-, media-, - journalistikk eller samfunnsvitskap
- erfaring med kunnskapsformidling
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til sjølvstendig arbeid
- Du tek initiativ, løyser problem og samarbeider godt med andre
- Du har gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg norsk og engelsk
- Du er positiv og samfunnsbevisst
- Du er nysgjerrig og følger med på korleis verda endrar seg for å kunne tilpasse det vi gjer på ein god måte
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
- positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
- gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
- medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
- fleksibel arbeidstid og betalt overtid
- moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
- IA-bedrift
- lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet.
Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har seks månaders prøvetid. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.
Bedrift
Lotteri- og StiftelsestilsynetSøknadsfrist
01.09.2019Stillingsfunksjon
AdministrasjonAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
PåkrevetØnsket Språk
NorskAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAndre arbeidssteder
FørdeAntall stillinger
1karriere-kode
1992591Se her for andre jobber fra Lotteri- og Stiftelsestilsynet
- Oppdatert 14.08.2019