Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
18.05.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3788556Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 30.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Samnanger kommune
Me søker engasjert Pedagogisk leiar/barnehagelærarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søker engasjert og motivert pedagogisk leiarar/barnehagelærarar i 100 % fast og 100 % vikariat med mogelegheitar for fast tilsetjing frå 9.08.2021 tom 30.06.2022 i Vassloppa og Dråpeslottet barnehage. Det er to kommunale barnehagar, og begge har fire avdelingar med ca 50 barn i kvar barnehage.
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk og fagleg leiing av avdelinga/spes.ped ansvarlig
- Ansvar for rettleiing og opplæring av medarbeidarar på avdelinga
- Medansvar for felles faglege mål på overordna plan
- Medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
- Medansvar for dagleg organisering av heile barnehagen
- Medansvar for å ivareta foreldresamarbeidet
- Ansvar for oppfølging av ulike rutiner og praktisk arbeid
Kvalifikasjonar:
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Sterkt ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetane
- Du må vera ein vaksen som ser kvart einskild barn, er lyttande og tilstades
- Du må ha god helse slik at du kan vera aktiv saman med barna
- Gode norskkunnskapar. For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norksprøve B2 skriftleg og muntleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar:
- Evne og lyst til å motivere og inspirere
- Fleksibel, kreativ og ha evne til refleksjon
- Evne og lyst til å gjere kvarandre gode
- Idear til utvikling og prosjekt
- Er engasjert og aktiv med barna
- Har gode omsorgsevner
- Er god rollemodell for små og store
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Me tilbyr:
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Ein spanande og utviklande barnehagekvardag
- Nærleik til skog og sjø med høve til fine naturopplevingar
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege og løysingsorienterte kollegar
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppforda alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legger vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.
Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
18.05.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3788556Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 30.04.2021