• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    22.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5208, OS
    BJØRNAFJORDEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6498282
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Matros Halhjem-Våge, p.t. MF Kommandøren

Ferger

Fjord1 søkjer no matros til sambandet Halhjem - Våge, der du får jobbe om bord på vår moderne elektriske ferje MF Kommandøren – eit fartøy som set standarden for miljøvenleg transport. 

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har eitt døgn fri i 3 veker, deretter har du 3 veker samenhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Halhjem eller Våge, då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri

Fjord1 er Norges leiande ferjerederi, og vi gir deg høve til å bygge karriere i eit selskap som satsar på teknologi, miljø og menneske. Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønskjer å ta steget vidare.


Og med berre 30 minutt reise frå Bergen til Halhjem, er det enkelt å kombinere jobben med livet på land.

Kvalifikasjoner:

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Nok fartstid til å mønstre matros
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring 
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

 Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:


 Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund.
  • Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
  • Skiftordning: 1 døgn om bord, 1 døgn fri. 3 veker på jobb og 3 veker fri. 
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    22.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5208, OS
    BJØRNAFJORDEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6498282
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA