Detaljer

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    05.04.2021
  • Sted:
    LOFTHUS
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Samferdsel og infrastruktur
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    LOFTHUS
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3385180
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA

Maskinsjef MS Vision of The Fjords i turistrute i Hardanger

 

The Fjords har ledig sesongstilling som maskinsjef i turistrute i Hardanger om bord på passasjerkatamaranen MS Vision of the Fjords.

Det prisbelønte hybridfartøyet MS Vision of the Fjords går i turistrute, eller såkalla "sidersafari", i Hardangerfjorden og Sørfjorden.

 

Dette er ein svært interessant jobb, og vi kan garantere fantastiske naturopplevingar og spennande møte med imponerte passasjerar!
 
Avhengig av den generelle utviklinga i marknaden og åpning for turisme etter pandemien, kan det for den rette kandidaten verte høve for fast tilsetjing.

Tidsrom: The Fjords ønsker tilsetjing i løpet av april, rutestart er 1. mai 2021.

Vi rekrutterer fortløpande og alle søknader blir behandla etter "førstemann til mølla"-prinsippet.

Arbeidsoppgåver
  • I henhald til gjeldande stillingsinstruks for maskinsjef
  • Du vil gå som einemaskinist, og vil ha kontroll med alle tekniske system om bord
  • Du vil få ansvar for oppfølging og vedlikehald i samråd med AMOS Vedlikehaldssystem og EQS Tryggleiksstyringssystem
  • Du vert ein viktig del av eit positivt og dynamisk team og er ikkje redd for å hjelpe til på tvers av stillingane ombord
Kvalifikasjonar
  • Maskinoffisersertifikat klasse 3 eller høgare
  • Gyldige, sertifikatgjevande STCW-kurs
  • Passasjer- og krisehandteringskurs
  • Gyldig helseerklæring
  • Det er ein fordel om du har kunnskap om elektriske og hybride framdriftsanlegg
  • Nordisk språk skriftleg og muntleg er eit krav
  • Det er ein fordel å beherske engelsk muntleg
Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide tett med andre menneske over tid
  • Inkluderande og lojal
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel
  • Sjølv om du er teknisk sjef, har du også glede av å vere ein del av vertskapet om bord. Du likar å gje dei reisande gode opplevingar.
Vi tilbyr
  • Lønn vert gitt etter overenskomst
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Skiftordning 2 veker på, 2 veker av
  • Gratis innkvartering i vaktperiodane
  • Flotte opplevingar i verdsarvområdet