Detaljer
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
05.04.2021Sted:
KAUPANGERStillingstype:
HeltidBransje:
Samferdsel og infrastrukturUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
VESTLANDArbeidssted:
KAUPANGERAntall stillinger:
1karriere-kode:
3385178Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Maskinsjef MF Aurland i rute på Sognefjorden
The Fjords har ledig sesongstilling som maskinsjef i turistrute på Sognefjorden om bord på MF Aurland.
MF Aurland er ei klassisk norsk fjordferge som seilar i turistrute mellom Kaupanger- Gudvangen frå mai til september. Med MF Aurland seilar du gjennom Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og Sognefjorden. Dette landskapet er noko av det vakraste Norge har å sjå!
Dette er ein svært interessant jobb, og vi kan garantere fantastiske naturopplevingar og spennande møte med imponerte passasjerar.
Avhengig av den generelle utviklinga i marknaden og åpning for turisme etter pandemien, kan det for den rette kandidaten verte høve for fast tilsetjing.
Tidsrom: The Fjords ønsker tilsetjing i løpet av april, rutestart er 1. mai 2021.
Vi rekrutterer fortløpande og alle søknader blir behandla etter "førstemann til mølla"-prinsippet.
I henhald til gjeldande stillingsinstruks for maskinsjef
Du vil gå som einemaskinist, og vil ha kontroll med alle tekniske system om bord
Du vil få ansvar for oppfølging og vedlikehald i samråd med AMOS Vedlikehaldssystem og EQS Tryggleiksstyringssystem
Du vert ein viktig del av eit positivt og dynamisk team og er ikkje redd for å hjelpe til på tvers av stillingane ombord
- Maskinoffisersertifikat klasse 3 eller høgare
- Gyldige, sertifikatgjevande STCW-kurs
- Passasjer- og krisehandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
- Det er ein fordel om du har erfaring med Wichmann maskineri
- Nordisk språk skriftleg og muntleg er eit krav
- Det er ein fordel å beherske engelsk muntleg
- Evne til å arbeide tett med andre menneske over tid
- Inkluderande og lojal
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
- Sjølv om du er teknisk sjef, har du også glede av å vere ein del av vertskapet om bord. Du likar å gje dei reisande gode opplevingar.
- Lønn vert gitt etter overenskomst
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Skiftordning 2 veker på, 2 veker av
- Gratis innkvartering i vaktperiodane
- Flotte opplevingar i verdsarvområdet
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater