Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
12.12.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5956, HUNDVIN
ALVER
Antall stillinger
1karriere-kode
6472959Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Maskinsjef i sambandet Jondal-Tørvikbygd, p.t. MF Samlafjord
Ferger
Vi søkjer ein engasjert og kompetent maskinsjef til vår moderne, elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.
Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Arbeidet gir deg ein variert kvardag der du får brukt din tekniske kompetanse og erfaring i praksis, samtidig som du får moglegheita til å utvikle deg vidare i eit fagmiljø med høg kvalitet.
Du blir del av eit team med dyktige og hjelpsame kollegaer, og får jobbe med framtidsretta teknologi i eit rederi som er blant dei leiande i landet. Her får du verdifull erfaring og gode karrieremoglegheiter i ei næring som er i stadig utvikling.
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlige egenskaper:
- Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på og 2 veker av.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
12.12.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5956, HUNDVIN
ALVER
Antall stillinger
1karriere-kode
6472959Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
-
Maskinsjef i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
Fjord1 ASA
STOREBØ -
Maskinsjef i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes, p.t. MF Julsund
Fjord1 ASA
STORD -
Vil du bli vår nye maskinsjef
Fjord1 ASA
MÅLØY -
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Fjord1 ASA
BALLANGEN -
Maskinsjef i sambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, p.t. MF Lærdal
Fjord1 ASA
HATLESTRAND