Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
09.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5108, HORDVIK
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6400627Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Maskinsjef - ansvar for reservefartøy.
Ferger
Er du klar for ein spanande og allsidig jobb der du vil være med på å sikre at våre ferjer alltid er klare for oppdrag? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vår målsetting er å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei interessant moglegheit som maskinsjef på våre reservefartøy i "gamle" Hordaland. For tida omfatter dette MF Sogn, MF Lifjord og MF Solskjel, med opplagskai på Steinestø ferjekai, 25 minutter nord for Bergen. I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil også yte støtte til driftande ferjer ved behov for akutt byte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.
Som maskinsjef på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på våre ferjesamband. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring.
Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land.
Fordelar med stillinga:
- Fast turnus: 2 veker på og 2 veker av - 84 timar per veke.
- Gode kollegaer: Jobb saman med engasjerte og dyktige sjøfolk.
- Spanande og variert arbeid: Utfordringar som gjer fagleg vekst.
- Reise til/ frå vert dekka over 15 km.
Kandidatar blir vurdert fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlige egenskaper:
Vi søkjer ein sjølvstendig og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne til å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande. Dette er eigenskapar som vil gjere deg til ein verdifull ressurs i teamet vårt og sikre ein god flyt i kvardagen på sjøen!
Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad!
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig løn etter tariffavtale mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anarkjent selskap
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 2 veker av – 84 timar per veke, noko som gir deg god tid til både arbeid og fritid.
- Reise dekt over 15 km.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
09.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5108, HORDVIK
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6400627Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
-
Skipsførar på reservefartøy i Vestland, tidligare Hordaland
Fjord1 ASA
HORDVIK -
Maskinsjef i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
Fjord1 ASA
FANA -
Maskinsjef i sambandet Gjermundshamn - Årsnes, p.t. MF Sildafjord
Fjord1 ASA
HATLESTRAND -
Ambulerande matros i region Vestland
Fjord1 ASA
HORDVIK -
Maskinsjef i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes, p.t. MF Julsund
Fjord1 ASA
STORD