Detaljer


Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

MASKINFØRAR, LASTEBILSJÅFØR / ANLEGGSARBEIDAR

Jordalen Entreprenør AS er eit maskinentreprenørfirma med 27 tilsette. Me driv allsidig anleggsarbeid med særleg vekt på utføring av kommunaltekniske anlegg og arbeid i tilknyting til vassdragsreguleringar og jernbane. Me har solid økonomi og god ordrereserve. Basen vår er i Liahagen på Voss, og det naturlege marknadsområdet vårt er i Hordaland og Sogn.

På grunn av stor ordretilgang ynskjer me å tiilsetja Maskinførar
Erfaring er ein fordel, men opplæring vil bli gitt den rette. Søkjar må ha maskinførarbevis og helst fagbrev.

Lastebilsjåfør/anleggsarbeidar
Søkjar må ha førarkort kl. CE og helst kranførarbevis

Til begge stillingane må søkjar beherska norsk både skriftleg og munnleg.

Me kan tilby ein spennande og utfordrande jobb i eit typisk anleggsmiljø der kvardagen er hektisk med dyktige og motiverte medarbeidarar.

Konkurransedyktig løn og vilkår som er i øvre sjikt i bransjen.

Nærare opplysningar kan du få hjå dagleg leiar Håkon Helland, telefon 482 68 126.

Søknad innan 25. august til:
Jordalen Entreprenør AS, Postboks 199, 5701 Voss. 
Eller: post@jordalen.no