Detaljer

  • Bedrift
    Voss kommune
  • Søknadsfrist
    11.11.2019
  • Sted:
    VOSS
  • Stillingsfunksjon:
    Lederstilling
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Påkrevet
  • Fylke:
    HORDALAND
  • Arbeidssted:
    VOSS
  • Land:
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2236475
  • Se her for andre jobber fra Voss kommune

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

LEIAR DIGITALISERING OG IT

Kommunen er inne i ei spennande tid med mange viktige prosessar innanfor digitalisering. I Voss herad vert rådmannen sin stab organisert som tre stabsavdelingar; innbyggjarservice, strategi og styring og HR og innovasjon. Digitalisering og IT blir ein del av HR og innovasjon som mellom anna vil ha ansvar for oppgåver knytt til HR, organisasjonsutvikling og digitalisering. Staben blir ei kompetanseavdeling og ein støttefunksjon for innovasjons- og endringsarbeidet som vil vera påkravd for å imøtekomme aukande krav og forventningar til offentleg sektor og skal bidra til å oppfylla krav og ambisjonar om å fornya, forenkla og forbetra heradet, samtidig som innbyggjarar og næringsliv har forventningar om ein enklare kvardag. Avdelinga vil kartlegga trendar og ny teknologi og støtta opp om og leggja til rette for endringsarbeidet i stabs- og kommunalavdelingane. Leiar for digitalisering og IT vert sentral i dette arbeidet.

Arbeidsgjevarpolitikken vår utviklar organisasjonen og byggjer eit godt lag gjennom leiarar som kan, vil og tør. Voss herad skal vera ein innovativ og endringsdyktig organisasjon tufta på høgt meistringsklima og ein kultur for kontinuerleg forbetring. Me skal vera skapande og inkluderande med myndiggjorte leiarar og medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing, drifts- og utviklingsansvar for IT-avdelinga
  • Utarbeida og følgja opp digitaliseringsstrategien i nært samarbeid med tenesteeigarane
  • Planlegging av IT-infrastruktur og driftsform
  • Ansvarleg for avtalar og ein pådrivar ovanfor leverandørar
  • Syta for at brukarane opplever høg servicegrad og at tenestene til avdelinga tilfører verdi
  • Ansvar for digitalisering i kommunen i tett samarbeid med kommunalavdelingane
  • Rådgjevar for kommunen i digitalisering

Me ynskjer at du har

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet
  • IKT-kompetanse
  • Leiarerfaring

Personlege eigenskapar

  • Tenkjer strategisk og er målretta
  • Evne til å skapa og utvikla nye idear
  • Tillitsvekkande og samlande
  • God på kommunikasjon, relasjonsbygging og samarbeid
  • Løysingsorientert, samlande med godt vidsyn
  • Gjennomføringskondis
  • Har systematisk tilnærming til utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Me tilbyr

  • Spennande og sentral rolle i arbeidet med å bygge den nye kommune
  • Miljø prega av handlekraft og fokus på løysingar
  • Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
  • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk

Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058/Tarald Mong tlf. 975 59 054. Alle førespurnadar vil bli handsama fortruleg.
Søk på stillinga på snarast, og seinast 11. november.

 
Prøv en stillingsannonse på karriere.no
  • 70.000+ unike brukere/mnd
  • Over 70.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
  • Integrasjon Nav, Finn og lokalaviser
  • Annonsering i sosiale medier