Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Leiande reinhaldar i Surnadal kommune, 2.gongs utlysing

Brannvesen

Teknisk drift i Surnadal kommune skal tilsett leiande reinhaldar i fast 100% stilling.

Til stillinga ser vi etter deg som er strukturert og løysingsorientert, med gode kommunikasjonsevner og som kan handtere fleire oppgåver samtidig.

Det er ein viktig eigenskap å vere serviceinnstilt og positiv og at du kan og vil leie andre.

Kvalifikasjonar/ønske om aktuell kompetanse:

  • fagleg bakgrunn som er relevant for stillinga, kan vere både formal- og realkompetanse
  • leiarutdanning og leiarerfaring er ein fordel
  • kunne arbeide sjølvstendig og i team og kunne leie andre
  • kunnskap om reinhaldsprosedyrer og helse- og sikkerhetsforskrifter er eit fortrinn
  • kjennskap til prosedyrer for reinhald og reinhaldsmetodar er ønskeleg
  • kan sjå løysingar og gjere endringar som effektiviserer arbeidskvardagen
  • førarkort kl.B, du må disponere eigen bil
  • du kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og muntleg

Arbeidsgjevar vil vere med og legge til rette for aktuell kompetanseheving.

Arbeidsoppgåver:

  • planlegge og organisere reinhaldet på dei ulike tenestestadene
  • ansvar for at reinhaldet blir utført ihht gjeldande standarar, retningsliner og planer
  • opplæring og rettleiing av reinhaldspersonalet
  • delta i innkjøp av utstyr og materiell
  • rapportere til overordna leiing om reinhaldsstatus
  • personalansvar for reinhaldarane våre

Kvalifiserte søkarar blir invitert til samtale.

Vi tilbyr:

  • ei stilling der vi legg til rette for fagleg utvikling
  • lønn med utgangspunkt i tariffavtale og i hht lov-og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer