• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4702128
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 16.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Leiande helsesekretær

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger legekontor har ledig vikariat som leiande helsesekretær i 80 % stilling frå 01.09.22 til 31.08.23. 

Legekontoret ligg ca 40 minutt køfri køyring frå Bergen sentrum, Nesttun eller Os. 

Legekontoret blir drifta av Samnanger kommune og legane driv si eiga næring.  

I Samnanger kommune er det 4 legeheimlar, med tilsaman 200 % kurative legeårsverk, i tillegg til kommunale deltidsstillingar. Me har tre stabile og svært flinke hjelpepersonell med til saman 220 % stillingsressurs, kor av ein er leiande helsesekretær og ein er sjukepleiar. 

Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har velutvikla elektronisk kommunikasjon med samarbeidspartnarar. Velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timars BT-apparat og doppler. 

 

Arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsoppgåver for helse-/legesekretærane ve Samnanger helsetun er:  

  • Resepsjonsarbeid med betjening av telefon og henvendingar i luke, der det vert gjort timeavtalar og gjeve medisinske råd
  • Økonomihandtering og anna ordinært resepsjonsarbeid
  • Laboratoriearbeid m/blodprøvetaking og analysering av ulike prøver
  • Skiftestuearbeid og assistanse ved mindre kirugiske inngrep 
  • Anna førefallande arbeid 
  • Innkjøp av utstyr og forbruksmateriell 
  • Planlegging av arbeidsoppgåver knytt til forkontoret 
  • Medansvar for dokumentasjon og medikamenthandtering 
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer vert følgde 
  • Bidra til kvalitetssikring og utvikling av prosedyrer 
  • Bidra til gode ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid 
  • Bidra til godt arbeidsmiljø 
  • Yte service til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet eller fagskule/fagbrev
  • Autorisert helsesekretær. Utdanning som sjukepleiar eller anna helsefagleg utdanning blir også vurdert 
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, både skrifteleg og munnleg 
  • Ynskjeleg med erfaring frå laboratoriearbeid på legekontor og kjennskap til datasystemet Infodoc Plenario 
  • Gode generelle IKT-kunnskapar 

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt 

 

 

 


Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig 
  • Serviceinnstilt og positiv 
  • Strukturert og rydding 
  • Løysingsorientert og fleksibel 
  • Initiativrik 
  • Taklar travle og stressande arbeidssituasjonar 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

 

 

 

 

 

 

Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Dersom stillinga som leiande helsesekretær blir besatt av intern søkar, kan det bli ledig stilling som helsekretær.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4702128
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 16.07.2022