Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
10.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5956185Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Aukra kommune
Lege
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Frå 01.april 2025 er det ledig midlertidig stilling i 60% for fastlege. Stillinga har ei varigheit ut 2026. Det kan vere moglegheit for forlenging. Vi søker etter ALIS eller spesialist i allmennmedisin.
Aukra legekontor er kommunalt drive. Frå august 2023 har legekontoret tre fastlegar, to ALIS og ein spesialist i allmennmedisin. Det er 1 LIS1 ved kontoret og dessutan 4,6 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell. Kontoret betener ca. 2600 fastlegepasientar.
I tillegg til kurativ legeverksemd blir det drive førebyggjande helsearbeid, smittevern, helsestasjon og skolehelseteneste, oppgåver innan heimebasert omsorg og sjukeheim med palliativt rom. Klinikken er svært godt utrusta med akuttmedisinsk utstyr, EKG, 24 t EKG, 24 t BT apparat, spirometer, *tympanometer, audiometer, ultralydapparat, *ano/*rektoskop, velutrusta skiftestove, laboratorium med god kvalitetskontroll og vaksinasjonsklinikk. Journalsystemet som blir brukt er Pasientsky. Helseplattforma blir innført frå hausten 2025.
Aukra kommune er ein del av Molde interkommunale legevakt, men har sjølv ansvaret for daglegevakt for Aukra kommune på kvardagar kl.08.00 - 16.00.
Arbeidsoppgåver
• Kurativ virksomhet
• Deltaking i interkommunal legevakt
• Helsestasjon
• Skolehelseteneste
• Oppgåver innan heimebasert omsorg og institusjon
Det vil bli sett av fast tid til arbeid med flyktningar/ pasientar utan fastlege
Ønska kvalifikasjonar
Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon.
Spesialist i allmennmedisin eller kandidat under utdanning gjennom ALIS
- Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
- Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner.
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- Erfaring med bruk av digitale verktøy
Vi ønsker at du har gode samarbeidsevner og kan arbeide i team, er interessert i utvikling på fagområdet, er relasjonsorientert og endringsvillig
Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ser etter.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Godkjent utdanningsinstitusjon for ALIS og godkjent veileder
- Spennende utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø og gode kolleger
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
- Gruppe- og ulykkesforsikring
- Vilkår elles etter gjeldande avtalar mellom KS og Legeforeningen
Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teken til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune bruker elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
10.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5956185Se her for andre jobber fra Aukra kommune