Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Myrkdalen Fjellandsby AS

LEDIGE STILLINGAR I MYRKDALEN

Eiendomsforvaltning og -utvikling

1. Kursvertskap - resepsjonist

100 % stilling som kombinert kursvertskap og resepsjonist.
Hovudansvar vil vera vertskap under arrangement og konferansar på Myrkdalen Hotel.

Myrkdalen Hotel er meir enn berre eit hotell! Me er ein fjelldestinasjon med mange aktivitetar og arrangement som går gjennom alle sesongar med eit bredt kundesegment. På Myrkdalen Hotel blir du ein del av eit engasjert og kunnskapsrikt team, og du blir ein synleg person i vårt velkomstteam som står i front for at gjestene får ei oppleving av noko meir enn berre ei overnatting. Saman med oss vil du vera ein del av eit stort miljø i Norway’s Best Konsernet som består av fleire hotell og destinasjonar, og spennande moglegheiter.   

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av bekrefta bestillingar på konferansar og arrangement
  • Vera kontaktperson ut mot konferansebestillar
  • Støtte mot backoffice
  • Delta ved behov ved framkomst, servering og avreiser
  • Tradisjonelt kurs og konferansearbeid som: rigge møterom, rydde møterom og fellesareal samt delta aktivt med nærvær og servering i pausar
  • Mottak av innkomande førespurnadar på e-post/telefon
  • Oppfølging av reservasjon, kundar og gjester
  • Bidra til god intern informasjonsflyt i avdelinga og mot F&B
  • Stillinga vil innebera noko kvelds- og helgearbeid

Om deg
Me ser etter ein person som tek på seg ansvaret for at våre gjester skal føle seg velkomne frå fyrste møte. Me ynskjer kvalitetar hjå deg som folkeleg og ærleg, samt ha det lille ekstra.

  • God skriftleg og munnleg uttrykksform, både på norsk og engelsk
  • Strukturert og nøyaktig
  • Viser initiativ og er løysningsorientert
  • Fagbrev eller bachelorgrad innan relevante fagområda. Anna relevant erfaring kan kompensere for fagbrev/utdanning.
  • Motiverast av å levere gode gjesteopplevingar

Me tilbyr:

  • Ordna lønns- og arbeidsforhold i samsvar med Myrkdalen Hotel og Norway’s Best AS sine retningslinjer
  • Utviklingsmoglegheiter
  • Ein aktiv destinasjon med ski-, sykkel og turmoglegheiter
  • Du vil verte ein del av eit miljø med høgt tempo og engasjement, der initiativ og drivkraft er kvalitetar me verdset.

Rekrutteringa skjer fortløpande. 

CV og søknad sendes til: Bookingsjef, Camilla Øyjord, camilla@myrkdalenhotel.no

----------------------------------------------------

2. Myrkdalen Fjellheiser søkjer etter vertskap 
Er du glad i vera rundt menneske? Utadvendt, leiken og blid, samt likar å ta i eit tak? Me søkjer etter deg som kan representera Myrkdalen i ei vertskapsrolle retta mot barn og familiar. Me skal halda fram med å vidareutvikla familievenlege aktivitetar i barneområdet og på Torget og dette kan du bli med å byggja opp og ha ansvar for. Vil du vita meir om stillinga ta kontakt med Pernille Mustad på tlf 41 90 54 95 eller på e-post: pernille@myrkdalen.no