• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    06.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4226301
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 21.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Er du den nye fastlegen vår? Vi har to ledige stillingar som fastlegar i Austevoll!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

 

Arbeidsstad

Austevoll Legesteneste har p.t 6 kommunalt tilsette fastlegar. Vi er ein del av Primærhelseteam-prosjektet, og har tilsette sjukepleiarar og helsesekretær som tar ansvar for pasientoppfølging saman med fastlegane. Legetenesta held til i moderne lokalar i  helsehuset som er samlokalisert med øvrige helsetenester. Vi har fokus på å gi eit godt fagleg tilbod til våre innbyggjarar.

Som kommunalt tilsett lege i Austevoll får du moglegheit til å konsentrere deg om faget og pasientane. Kommunen tar hand om det administrative. Vi legg vekt på at du skal ha ein god arbeidskvardag med trygge arbeidsvilkår som tar omsyn til familieliv, økonomi, fagleg fellesskap og utvikling.

Stillingane er ledig for spesialist i allmennmedisin eller vi kan tilby ALIS stillingar.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Listeansvar for 1000 pasienter (850 for ALIS)
  • Inntil 20% andre allmennmedisinske oppgaver
  • Deltakelse i legevakt, p.t. 8-delt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, gjennomført LIS1
  • Spesialist i allmennmedisin. (dersom du ikkje er spesialist har vi  ALIS stilling for deg)
  • Førerkort klasse B
  • Gode kommunikasjonsevner muntleg og skriftleg
  • Politiattest

Personlege eigenskaper blir vektlagt og vi søkjer deg som er engasjert, har gode evner til samarbeid, og god fagleg standard. Vidare har du gode ferdigheiter innan akuttmedisin og legevakt.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn og gode pensjonsvilkår
  • Overlegepermisjon og etterutdanning i samsvar med SF 2305
  • Tilrettelagt ALIS stilling med redusert listelengde, stedlig veileder, fri med lønn til kurs og dekning av utgifter for deg som ikkje er spesialist
  • På legevakt er vi p.t næringsdrivande med hjemmevakt, vaktklasse 1
  • Tilrettelegging for pendling, ferjeutgifter kan kompenserast
  • Mogleigheit for deltidsstilling eller større stilling i samfunnsmedisin eller sjukeheim ved ønskje 

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    06.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4226301
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 21.01.2022