Ledig vikariat som fotograf og klippar i Bergen

Norsk rikskringkasting AS

Media, informasjon og PR

I Bergen har vi ledig vikariat som fotograf og klippar ut august 2022. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å jobbe med valbare seriar for NRK TV, men som fotograf vil ein også vere ein viktig del av nyheitsberedskapen vår.

Arbeidsoppgaver:

Som fotograf og klippar hjå oss vil du jobbe med innhald som blir laga for strøyming i NRK TV og lineær visning på NRK1. Vi ser etter ein stødig, visuell og leiken historieforteljar som gjerne har erfaring med å lage innhald i langformat. 

Litt meir spesifikt så ønskjer vi at du har:
- erfaring som fotograf og god kjennskap til ulike typar kamerautstyr for video og stills
- erfaring med å lage innhald som publikum må finne og velje i mengda av underhaldningstilbod
- god kjennskap til Adobe Premiere
- interesse for å utvikle eigne og andre sine idear gjennom arbeid i team
- erfaring med å skreddarsy innhald til ulike format

Kvalifikasjoner:

Vi ønskjer søkjarar med utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Det er fint dersom søkjarar har sikker språkføring i norsk, både skriftleg og munnleg.
Sidan alle våre fotografar er ein del av nyheitsberedskapen vår, må søkjarar ha førarkort klasse B.
Vi gjer merksam på at jobb i turnus kan bli aktuelt.

Vi tilbyr:

Hjå oss får du eit trygt arbeidsmiljø med store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Vi held til i trivelege og moderne lokaler i Media City Bergen med kort veg til det meste.