• Bedrift
    Renovest IKS
  • Søknadsfrist
    15.06.2021
  • Sted:
    KVITESEID
  • Stillingsfunksjon:
    Annet
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Renhold og renovasjon
  • Utdanningskrav:
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
  • Fylke:
    VESTFOLD OG TELEMARK
  • Arbeidssted:
    KVITESEID
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3902831
  • Se her for andre jobber fra Renovest IKS

Ledig sjåførstilling

Renovest IKS

Renhold og renovasjon

Renovest IKS har ledig sjåførstilling som skal betene fl g. bilar:

  • Hytterenovasjonsbil (komprimatorbil for tøming av 10 m3 liftcontainer) fram mot okt. 2021)
  • Hytterenovasjonsbil (komprimatorbil m/kran – for tøming av botntømde containerar)

Stillingsstorleik: 100% - fast stilling

Mengd avfall som blir henta inn varierer gjennom året. Høgsesong er haustferie, jul- og nyttårshøgtid, vinterferie og påske.
Det er viktig/naudsynt at arbeidstakar er tilgjengeleg i desse periodane. I rolegare periodar kan anna arbeid innanfor verksemda bli tillagt sjåføren.

Arbeidsoppgåver:

  • Tøming og transport av avfall frå hyttecontainerar (lift- og botntømte containerar).
  • Daglig kontroll og vedlikehald av køyretøy og materiell
  • Dokumentasjon av daglege utførte oppdrag
  • Ved behov vil du og kunne bli pålagt andre arbeidsoppgåver 

Krav til søkaren:

  • Førarkort klasse C/CE for lastebil • Kranførarbevis (G8) er ønskjeleg, og gjerne erfaring frå bruk av slikt utstyr
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner
  • Må beherske norsk språk skriftleg og munnleg
  • Grunnleggande IT-ferdigheiter
  • Gyldig yrkessjåførkompetansebevis (YSK-bevis)

Vi tilbyr:

  • Lønn etter avtale
  • Ordna lønns- og arbeidsvilkår
  • God pensjonsordning og andre obligatoriske personforsikringar
  • Godt arbeidsmiljø og god opplæring


Tiltreding: Snarast råd og/eller etter nærare avtale

Søknadsfrist: Snarast råd og seinast 15.06.2021

Spørsmål om stillinga kan rettast til Tor Helge Gjersund – tel. 958 97 504 eller 35 06 80 00
Skriftlig søknad med CV pr. epost til post@renovest.no eller med post til Renovest IKS, Ordalsvegen 63, 3850 Kviteseid.

Søknad merkast «Sjåfør – hytterenovasjon»

Om arbeidsgiveren

Renovest IKS har sidan 1999 hatt ansvar for handtering av avfall og septik/slam i Vest-Telemarkregionen. Verksemda er lokalisert med hovudmottak i Brunkeberg, Kvitseid kommune. Renovest IKS tek årleg hand om meir ein 10 000 tonn avfall, og verksemda si innsats er eit viktig bidrag i miljørekneskapet for regionen. Vi har mottaksstader spreidd over heile Vest-Telemark, og har tolv fast tilsette. Saman med våre underleverandørar, direkte knytt til aktiviteten vår, tel vi i overkant av 20 stillingar (avhengig av årstida). Renovest IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane; Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Tokke og Vinje. Renovest tar pr. i dag hand om avfallet frå hytter og hushald i regionen. Hovudtyngda av hytteabonnentane ligg i Vinje kommune, med sine seks tusen hytter og resterande ­fire tusen fordelt på dei øvrige ­fire eigarkommunane. Hushaldsrenovasjonen tel nær seks tusen abonnentar. Vi vil årleg i neste femårsperiode omsetja for meir enn 44 mill. kr. Renovest IKS har eit viktig samfunnsoppdrag og vi har ambisiøse målsettingar med m.a. hytterenovasjon i regionen. I den samanheng har vi viktige oppdrag og prosjekter som skal utførast, og vi søkjer difor etter ein erfaren og dyktig sjåfør til å ivareta / utføre transporttenestane.

 
  • Bedrift
    Renovest IKS
  • Søknadsfrist
    15.06.2021
  • Sted:
    KVITESEID
  • Stillingsfunksjon:
    Annet
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Renhold og renovasjon
  • Utdanningskrav:
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
  • Fylke:
    VESTFOLD OG TELEMARK
  • Arbeidssted:
    KVITESEID
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3902831
  • Se her for andre jobber fra Renovest IKS
Effektiv rekruttering på 1-2-3
  • Attraktiv bedriftsprofilering
  • Målrettet jobbannonse
  • Ta godt imot kandidaten
Les mer på Karriere for bedrifter Legg ut jobbannonse