Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
20.12.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3200693Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 05.10.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Surnadal kommune
Ledig driftstilskot fysioterapeut i 100% stilling
Brannvesen
Surnadal kommune har ledig fast 100% avtaleheimel for fysioterapeut (36 timar pr.veke) frå 01.07.2021 eller etter avtale.
Avtaleheimelen er regulert av gjeldande "Rammeavtale mellom KS og NFF, NMF og PFF om drift av selvstendig næringsdrivendes fysioterapivirksomhet" (ASA 4313).
Fysioterapitenesta i Surnadal kommune består av 4 x 100% fastlønte (kommunale) stillingar, 100% turnusfysioterapistilling og 100% sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med driftsavtale, fordelt på 1 avtaleheimel.
Fysioterapeut med driftsavtale er lokalisert i Lunds fysioterapi sine lokaler i Røssmovegen 16, 6650 Surnadal.
Kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som fysioterapeut
- erfaring frå privat praksis er ein fordel
- gode skriftlege og munnlege norskkunnsskapar samt kjennskap til norsk helsevesen
- kunne drive kunnskapsbasert fysioterapi og halde seg fagleg oppdatert
- vere fleksibel - m.a innrette drifta etter dei pasientgruppene som kommunen og lovverket prioriterer
- evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og tverrfaglege team
- interesse for å bidra til langsiktig utvikling av fysioterapitenesta i tråd med det øvrige fysio- og helsetenestetilbodet i kommunen
- klinisk erfaring og kompetanse innan allmenn fysioterapi, undersøking, funksjonsvurdering, aktiv behandling og rehabilitering blir vektlagd
- førarkort kl. B
Ved tildeling av avtaleheimelen vil det etter ei samla vurdering bli lagt vekt på fagleg kompetanse, samarbeidsevne og personleg eignaheit.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Avtaleheimelen er regulert av den til ei kvar tid gjeldande ASA 4313 (rammeavtale mellom KS og NFF om drift av privat fysioterapivirksomhet som en del av kommunal helsetjeneste).
Det er ein føresetnad at avtaleheimelen har eit ope tilbud til heile befolkninga.
Kommunen kan styre delar av drifta inn mot prioriterte pasientgrupper i medhald av ASA 4313.
Heimebehandling/oppfølging i pasienten sin heim vil være aktuelt.
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
20.12.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3200693Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 05.10.2020