LAGERMEDARBEIDAR og FERIE-/HELGE­VIKARAR

Byggtorget Martin Lid AS

Trelast Industri / Produksjon

BYGGtorget Martin Lid Trelast AS er eit veletablert byggjevarehus som har forhandla byggjevarer, hus og hytter i Voss og omegn i over 60 år. Selskapet held til i eigne lokale på Palmafossen og har i dag 16 tilsette. Eigen prosjektavdeling har i over 50 år levert tilbygg, garasjar, hus og hytter og hjelper private -og proffkundar med teikningar, prosjektering, søknader og byggjevareleveransar. Selskapet er medlem av byggjevarekjeda Byggtorget og huskjeda Systemhus. Begge kjedekonsepta er medlemsbedrifter i Noregs største byggjevarekonsern Mestergruppen. Byggtorget har i dag over 100 butikkar fordelt over heile landet og er ein markant aktør i den norske byggjevaremarknaden. Systemhus har iløpet av dei siste 50 åra levert 50.000 hus til den norske bustadmarknaden.

ME SØKJER ETTER LAGERMEDARBEIDAR og FERIE-/HELGE­VIKARAR

Byggtorget Martin Lid Trelast AS søkjer etter kundefokusert og serviceinnstilt lager-medarbeidar. Me søkjer også etter vikarar som kan arbeida i feriar og laurdagar.

Du likar å arbeida i team og har god kundekontakt. Ideelt sett har du erfaring og kunnskap frå byggjebransjen. Er det deg me ser etter?

ARBEIDSOMRÅDE
• Sal og kundebehandling av både privat og proffkundar.
• Logistikk og påfylling av varer.
• Utkøyring av varer til kunde.

ME YNSKJER AT:
• Du er engasjert og positiv med kunden i fokus.
• Du har stort fokus på god rådgiving og sal til våre kundar.
• Du er god på kommunikasjon og kundebehandling.
• Du er serviceinnstilt, positiv og likar å arbeida i team.
• Du har erfaring frå lager- og/eller byggjebransjen.

Me kan tilby deg:
• Eit godt arbeidsmiljø og kompetente arbeidskollegaer.
• Allsidige og interessante arbeidsoppgåver.
• Konkurransedyktige vilkår.
• Nødvendige kurs og opplæring.

Ynskje om snarleg tilsetjing i stillingane.
For meir informasjon om stillingane kontakt Jon Bjarne Lid tlf. 416 74 404.
Søknad og CV kan sendast til:jb@martinlid.no

Søknadsfrist: 20. juni 2021

 
Effektiv rekruttering på 1-2-3
  • Attraktiv bedriftsprofilering
  • Målrettet jobbannonse
  • Ta godt imot kandidaten
Les mer på Karriere for bedrifter Legg ut jobbannonse