Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Læreplassar i helsefag

Brannvesen

Har du plan om å ta fagbrev som helsefagarbeidar og er på utkikk etter læreplass?

Surnadal kommune skal tilsette lærlingar frå hausten 2024.

Vi tilbyr eit variert lærlingeløp i helse- og omsorgseiningane våre: Surnadal sjukeheim, Bu- og aktivitetstenesta og Heimetenesta. Som lærling hos oss rullerer lærlingane mellom desse einingane og får 

Målsettinga vår er å ha minimum 6 lærlingar i helsefag til ei kvar tid.

Vi har eigen fagkoordinator sfor helsefaglærlingar som er med og legg til rette for fagopplæringa, m.a med fagdagar, samlingar og bytte av lærestad

Gjennom læretida vil du møte ulike brukargrupper med ulike behov der helsefagarbeidaren er sentral i kvardagen til den enkelte brukar.

Vi søker deg som viser interesse for faget, er i god fysisk form og som kan ta ei eit tak. Du arbeider godt åleine, men stiller opp for dei du arbeider i lag med.

 

Krav til deg som søkar:

- Du må ha bestått Vg1 Helse og oppvekstfag og Vg2 helsearbeidarfaget eller ambulansefaget.

  Om du har gått ambulansefaget blir læretida 6 månader lengre.

  (Dokumentasjon på bestått ettersender du når skuleåret er ferdig)

- Du har som mål å fullføre læretida og ta fagbrev

- Du viser klart at du er motivert for yrket og viser engasjement

- Gode norskkunnskapar, muntleg og skriftleg, er viktig med tanke på god kommunikasjon om dokumentasjon

 

Vi kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
  • Du vil få god opplæring frå veiledarane våre
  • Opplæring inn mot ulike brukargrupper
  • Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverl

Det blir halde samtalar med kvalifiserte søkarar.

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.