• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    21.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5127945
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 29.04.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Lærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad

Austevoll ungdomsskule er ein MOT-skule og deltar i tilleggsprogrammet «Skulen som samfunnsbyggar.» Skulen legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle, og skulen deltek i satsinga «inkluderande skulemiljø» i regi av Utdanningsdirektoratet. Skulen har ca 205 elevar fordelt på 8.-10.trinn. Skulen held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø.

Tidsrom

Austevoll ungdomsskule søkjer etter lærarar til hausten og kan tilby fleire 100 % stillingar. Utlysinga gjeld 3 stillingar både faste stillingar og vikariat ut skuleåret 2023 - 2024. Vi ber de merke søknaden med kven av stillingane du søkar på. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • kontaktlærar
  • faglæraroppgåver
  • arbeide i team med pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeuter
  • følge opp elevar med særskilte behov
  • delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling
  • bidra til å skape eit godt skulemiljø

Kvalifikasjonar

  • grunnskulelærar GLU 5-10 eller anna godkjent utdanning for undervisning i ungdomsskulen
  • ha utdanning innanfor eit eller fleire av basisfaga; norsk, engelsk og matematikk
  • ønskeleg med kompetanse i eit eller fleire av desse faga; naturfag- kunst og handverk, mat & helse og kroppsøving
  • ønskeleg med utdanning og/eller erfaring med spesialpedagogikk
  • har du anna relevant bakgrunn blir du også oppfordra til å søke
  • positivt med undervisningserfaring frå ungdomsskulen
  • vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, vere inkluderande, ha pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
  • ha god skriftleg og munnleg kunnskap i norsk
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Gyldig politiattest vil bli kravd ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • spanande utfordringar i ein utviklingsorientert skule
  • løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • 100 % stilling som lærar, både vikariat og faste stillingar
  • godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer

For å betre kjønnsbalansen på arbeidsplassen vil vi oppmode menn til å søke

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    21.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5127945
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 29.04.2023