• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    27.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5479831
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 09.12.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Lærar (vikariat)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søker lærar i vikariat frå 1. januar 2024 og ut skoleåret. 

Arbeidsoppgåver
Stillinga er knytta til undervisning på 5-10. trinn.  Fagønske: Matematikk og kroppsøving

Krav til søkar
- Formelle krav til stillinga finn ein i forskrift til opplæringslova, patagraf 14-2
- Er god på relasjon, klasseleiing og samarbeid med heimen
- Er fagleg trygg og har gode samarbeidsevner
- Er utviklingsorientert og løysingsorientert
- Har god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
- Beherskar nynorsk som målform
- Kan kommunisere, samarbeide, er stabil og fleksibel

Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne.
Skolen er utviklingsorientert og har delteke i mange nasjonale satsingar.

Vi arbeider no i eit prosjekt saman med Skrivesenteret og NTNU, og har saman med kommmunepsykolog fokus på tilknytingspsykologi.

Arbeidsmiljøet er godt med dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar.

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar og behovet til skolen. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer elles i samsvar med gjeldande regelverk. Som tilsett i Aukra kommune må du kunna identifisere deg med våre verdiar; attraktiv, uredd, kvalitet, raus, arbeidsglede.

Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

Rekrutteringsfilm Aukra kommune:

https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=QW5GyjjUISFboF-8

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    27.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5479831
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 09.12.2023