• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    10.07.2021
  • Sted:
    STOREBØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STOREBØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3898444
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune

Lærar ved Vaksenopplæringa

Austevoll kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

 

Arbeidsstad

Vaksenopplæringa i Austevoll har 4 tilsette og 15 til 20 flyktningar og familiegjenforente.

Vi underviser i norsk som andrespråk på Alfabetiseringsnivå til A2 nivå. Vi har òg grunnskule for vaksne. I tillegg underviser vi vaksne med særskilde behov og tilbyr norskkurs for arbeidsinnvandrarar.

Stillinga er ledig i tidsrommet: 01.08.2021 – 01.11.2021 med moglegheit for forlenging.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning i norsk som andrespråk
  • Undervisning i grunnskulefag
  • Undervisning av vaksne med særskilde behov

 

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning
  • Norsk som andrespråk
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert, sjølvstendig og fleksibel

 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 
  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    10.07.2021
  • Sted:
    STOREBØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STOREBØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3898444
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune