Bedrift
Gjemnes kommuneSøknadsfrist
15.12.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6631, BATNFJORDSØRA
GJEMNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5477052Se her for andre jobber fra Gjemnes kommune
- Oppdatert 07.12.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gjemnes kommune
Lærar til Angvik skule i 100 % vikariatstilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om kommunen
Gjemnes kommune ligg på Nordmøre, sentralt plassert midt mellom byane Kristiansund og Molde i Møre og Romsdal fylke. Gjemnes har omlag 2600 innbyggjarar og eit areal på omlag 381 km2. Kommunesenteret ligg på Batnfjordsøra.
Kommunen ligg i naturskjøne omgjevnader med rike moglegheiter for friluftsliv alle årstider.
Vi har eit godt og triveleg arbeidsmiljø, der verdibasert leiing bygd på lagånd, ansvarliggjering, lojalitet og brukarfokus ligg til grunn for verksemda.
Angvik skule er ein barneskule, 1. - 7. trinn, med omlag 40 elever og 10 ansatte. Gjemnes kommune sin visjon for oppvekst er: «Vi lar flammen brenne!» Vi ønskjer å vere ein skule som bidreg til å gje elevane eit godt sjølvbilde, elevar som er trygge i samhandling med andre, elevar som er reflekterte med kompetanse og lyst til vidare utdanningsløp. Vi er del av Oppvekstnettverk Nordmøre. Opplæringsmålet er nynorsk.
Vi har ledig ei 100% vikariatstilling som lærar frå 1.1.2024 og ut skuleåret.
Arbeidsoppgaver:
- Undervisning i allmennfaga og i kroppsøving og musikk.
Kvalifikasjonskrav for stillinga:
- Lærar som har godkjent lærarutdanning etter opplæringslova § 10-1
- Andre søkjarar med relevant utdanning og/eller erfaring kan vurderast.
Personlige egenskaper:
- Du har eit positivt elevsyn og evne til å etablere, og halde på, relasjonar til elevane
- Du er ein inkluderande, tydeleg og omsorgsfull, og har god klasseleiing
- Du er utviklingsorientert og endringsvillig
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er engasjert og motivert
- Du har gode digitale ferdigheiter
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Løn etter gjeldande regelverk
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Søknad:
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda om du har behov for det.
Etter søknadsfristens utløp, vil det bli satt opp ei offentleg søkjarliste som inneheld navn, alder, stilling eller yrkestittel og bosteds- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan bli gjort unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar om vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om en søker kan bli offentlege sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dersom anmodninga ikke blir tatt til følge vil søkjaren bli varsla om dette.
Det er krav om godkjent politiattest for stillinga.
Bedrift
Gjemnes kommuneSøknadsfrist
15.12.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6631, BATNFJORDSØRA
GJEMNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5477052Se her for andre jobber fra Gjemnes kommune
- Oppdatert 07.12.2023