• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    23.10.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2161503
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 22.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Lærar/rådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

 

Arbeidstad

Austevoll ungdomsskule er ein MOT-skule og deltar i tilleggsprogrammet «Skulen som samfunnsbyggar.» Skulen legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Skulen har ca. 200 elevar fordelt på 8.-10.trinn.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

• Undervisning
• Ca 40% av stillinga er rådgjeving/sosiallærar


Kvalifikasjonar

  • godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-3
  • lærarar med utdanning innan undervisningsfaga norsk, matematikk og engelsk vil bli prioritert
  • relevant utdanning innan rådgjeving
  • gyldig politiattest
  • erfaring frå undervisning for 8.-10. klassetrinn er ønskjeleg.
  • at du er strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og tar aktivt del i team- og utviklingsarbeid
  • at du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, har pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • at du er ein tydeleg og god klasseleiar

 Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, samt eit funksjonstillegg for rådgjevar på kr 24 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    23.10.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2161503
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 22.10.2019