• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5208313
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 26.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Lærar - Fast 100%

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur , bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Selbjørn skule har ledig ein 100% fast lærarstilling med oppstart i August 2023.

Arbeidsstad

Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 170 elevar og 35 tilsette. Vi held til i flotte omgivelsar i Bekkjarvik. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal, flott musikkavdeling og stort uteområde.

Vi er med i Trivselsleiar-programmet, som er det største programmet i Skandinavia for aktivitet og inkludering i barne- og undomsskule. Konseptet TL-undervisning kombinerer fysisk aktivitet og læring i undervisningen. Hos oss bidrar både tilsette og elevar til eit betre samhold og eit tryggare skolemiljø gjennom organisert aktivitet i friminuttene. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag på 1-7. trinn
  • Faglæraroppgåver
  • Arbeide i team
  • Kontaktlærar
  • Samarbeid skule - heim
  • Aktiv deltaking i skulen sine utviklingsprojekt
  • Samarbeid internt og med andre faginstanser

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
    • Det kan vurderast å tilsette mellombels for kandidat med relevant utdanning for stillinga dersom det ikkje skulle vere kvalifiserte søkjare. Til dømes relevant utdanning; pedagogikk, språkfagleg bakgrunn, matematikk, norsk
  • Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
  • Fordel med kompetanse til å undervise i fleire ulike fag
  • Ønskjeleg med undervisningserfaring i basisfag

Søkjar må vere personleg eigna for stillinga. Vi søkjer deg som er strukturert, sjølvstendig og fleksibel. Vidare må vår nye kollega:

  • Vere samarbeidsvillig og inkluderande
  • Ha gode skriftleg og munnleg norskkunnskapar
  • Ha god IKT-kompetanse 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit godt og positivt fagmiljø
  • Spennande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på kr 12 300 pr år, kontaktlærartillegget er på kr 24 000 pr år
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5208313
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 26.05.2023