• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    16.07.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5768832
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig lærarstilling ved Julsundet skole frå 1.8.2024.
Stillinga er på småskoletrinnet. 

Skolen satsar på å ha eit sterkt lag rundt eleven. Vi har tro på utvikling gjennom samhandling der alle yrkesgruppene deltek med sin kompetanse.

Skolen arbeider for tida i eit prosjekt saman med Gossen barne- og ungdomsskole og NTNU Skrivesenteret for å styrke lese- og skriveferdigheitene. Aukra kommune har fokus på tilknytingspsykologi, og alle tilsette som jobbar med barn og unge blir kursa i COS P.


Nokre av oppgåvene i ei lærarstilling ved Julsundet skole
• Planlegge og gjennomføre god, variert og tilpassa undervisning
• Analysere og følge opp elevane si læring og utvikling
• Skape eit trygt og godt læringsmiljø
• Bidra til eit godt skole- heimsamarbeid
• Delta aktivt i skolen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap

Kvalifikasjonar
Formelle krav til kompetanse i undervisningsstillingar er å finne i forskrift til Opplæringslova. Elles legg vi vekt på kvalifikasjonar som

• fagleg fordjuping, helst i basisfag
• utdanning og erfaring innan spesialpedagogikk
• digital kompetanse
• tidlegare resultatoppnåing

Personlege eigenskapar
• Du har eit positivt elevsyn, og har evne til å skape gode relasjonar med elevar og føresette
• Du er ein tydeleg, varm og trygg klasseleiar
• Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane
• Du er systematisk og strukturert
• Du har høge ambisjonar for kvar elev
• Du er positiv, fleksibel, samarbeidsvillig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker oss

Vi tilbyr
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
• Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
• Ei støttande leiing
• Eit godt arbeidsmiljø med samarbeidande og entusiastiske kollegaar
• Rettleiing og oppfølging av nyutdanna nytilsette

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring i offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Prøvetid
Gjensidig prøvetid på 6 månader

Politiattest
Dei som blir tilsett må kunne legge fram godkjent politiattest

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    16.07.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5768832
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune