• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    20.08.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5006877
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 02.08.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Lærar 100% vikarstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skulen ved Byrknes barnehage og skule har mellom 50 og 60 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.Byrknes.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osb. Gulen kommune har ledig ei 100% vikarstilling frå snarast til midten av februar 2024, med moglegheit for forlenging.  

Skulane i Gulen har: 

  • Gode læringsresultat
  • Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar 

Arbeidsoppgåver/kompetanse 

Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervisning åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervisning ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisningskompetanse, der aktulle undervisiningsfag for tida kan vere: 

  • Norsk, matematikk og engelsk på ungdomstrinnet  
  • Naturfag, samt kunst og handverk er også ønskjeleg 
  • Andre fag og funksjonar kan kome til 

Personlege eigenskapar

  • Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
  • Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    20.08.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5006877
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 02.08.2023