Bedrift
Austevoll kommuneSøknadsfrist
07.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4711149Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
- Oppdatert 30.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Austevoll kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad
Selbjørn skule har meistring og trivsel som motto, og skulen er med i Trivselsleiar-programmet. Skulen ligg flott til i vakre Bekkjarvik, der det er gode handels-, kultur- og servicetilbod. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal og flott musikkavdeling. Her er fantastiske uteområde, med kunstgrasbane, tennisbane, sandvolleyball, leikepark, sandstrand og turløyper. Skulen er ein barneskule med om lag 170 elevar og 33 tilsette.
Selbjørn skule har ledig:
100 % fast lærarstilling frå 01.08.2022
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Undervisning
- Kontaktlærarfunksjon
- Samarbeid skule – heim
- Aktiv deltaking i skulen sine prioriteringar og utviklingsprosjekt
Kvalifikasjonar:
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
- Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
- Gode samarbeidsevner
- At du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- God IKT-kompetanse
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar. Kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er 24 000 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Bedrift
Austevoll kommuneSøknadsfrist
07.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4711149Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
- Oppdatert 30.07.2022