Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Vaksenopplæringa har ledig 80% fast stilling fom 01.08.2022.

Arbeidsstad: 

Vaksenopplæringa i Austevoll har 4 stillingar og ca. 30 flyktningar og familiegjenforente. Vi underviser i norsk som andrespråk frå Alfabetiseringsnivå til B1 nivå. Vi har òg grunnskule for vaksne. I tillegg underviser vi vaksne med særskilde behov og tilbyr norskkurs på kveldstid for arbeidsinnvandrarar.

Ansvar og arbeidsoppgåver:
  • Undervisning i norsk som andrespråk
  • Undervisning i grunnskulefag
  • Evt. undervisning av vaksne med særskilde behov
Kvalifikasjonar:
  • Godkjend lærarutdanning med fordjuping
  • Norsk som andrespråk
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert, sjølvstendig  og fleksibel
Søknadsfrist:

 10.05.2022

Tiltreding

01.08.2022

Arbeidsstad:

Vaksenopplæringa i Austevoll

Kontaktpersonar:

Randi Danielsen

tlf: +47 55081292

mob: +47 91389404

Adresse:

Prestanesvegen 41, 5392 Storebø

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.