• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    22.06.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3912096
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 17.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skulen ved Dalsøyra barnehage og skule har mellom 60 og 70 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.Dalsoyra.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv.

Gulen kommune har ledig inntil 70% mellombels stilling som lærar i tida 01.08.21-31.12.21.

 

Skulane i Gulen har: 

  • Gode læringsresultat
  • Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar. 

 

Kvalifikasjonskrav:

Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervisning aleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervisning ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hos søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisningskompetanse, der aktulle undervisiningsfag for tida mellom anna er: 

  • Tysk
  • Norsk
  • Musikk

Personlege eigenskapar:

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    22.06.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3912096
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 17.06.2021