• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    20.10.2020
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3202071
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 06.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skulen ved Eivindvik barnehage og skule har mellom 80 og 90 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.Eivindvik.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv.

Gulen kommune har ledig fylgjande stillingar: 

1) 100% vikarstilling som lærar i tida 01.01.2021-18.09.2021. 

2) 75% vikarstilling som lærar i tida 01.01.2021-31.07.2021. 

3) 100% vikarstilling som lærar i tida 01.02.2021-18.06.2021

Skulane i Gulen har: 

  • Gode læringsresultat
  • Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar

Kvalifikasjonskrav:

Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervisning aleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervisning/fag ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire undervisningsfag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hos søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga.

Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisningskompetanse, spesielt i faga matematikk, engelsk og norsk (for alle stillingane). I tillegg er det ein fordel å få dekka kompetansebehov innan naturfag, samfunnsfag, krle, kroppsøving og musikk. Det kan også vere aktuelt med undervisning av framandspråklege elevar og spesialundervisning. 

To av stillingane er knytt til undervisning på barnetrinnet, medan eine stillinga har undervisning knytt til både ungdomstrinnet og barnetrinnet. 

Personlege eigenskapar:

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    20.10.2020
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3202071
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 06.10.2020