Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Skulen ved Byrknes barnehage og skule har mellom 50 og 60 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.Byrknes.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv. Gulen kommune har ledig inntil 100% vikarstilling som lærar i tida 03.02.20/frå snarast - 31.07.20

 

Skulane i Gulen har: 

  • Gode læringsresultat
  • Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar. 

 

Arbeidsoppgåver

Det vil verte undervisning i dei fleste faga i 1. - 4. klasse. 

 

Personlege eigenskapar

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering