• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6195929
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Toradarpedagog

Kvam kulturskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten og faget, og vil utforska i lag med elevane våre!  

  • Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 27 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet.
  • Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.
  • Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.

Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre. 

Kulturskulen har også ansvaret for DKS (Den kulturelle skulesekken) og UKM.  

Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisa i toradar, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen
  • Arbeid med elevgrupper som til dømes juniorspelemannslag
  • Som tilsett i kulturskulen tek ein del i arbeid med ulike arrangement

Kvalifikasjonar

  • Instrumental utdanning på toradar på høgskule-/universitetsnivå eller realkompetanse/relevant utdanning innan toradarspel 
  • Erfaring frå undervisning/pedagogisk arbeid 
  • Gode utøvande ferdigheiter 
  • Grunnleggjande IT-kunnskapar og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap på digitale plattformar
  • Førarkort og tilgang til eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
  • Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande
  • Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre

Me tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. 

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. 

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6195929
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad