Detaljer

  • Bedrift
    Sparebanken vest
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Sted:
    Kinsarvik/Odda
  • Stillingsfunksjon:
    Rådgiver
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Bank, finans og forsikring
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Kinsarvik/Odda
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2362236
  • Se her for andre jobber fra Sparebanken vest

Kunderådgjevar Kinsarvik Odda

Vi i Sparebanken Vest har som ambisjon å bli framtidas sparebank.
Saman med våre kundar ønsker vi å bidra til eit berekraftig samfunn og gjere livet på Vestlandet endå litt betre. Bli med oss på laget for saman gjer vi det betre.

Det skjer ei rivande utvikling innan bank og finans for tida. Vi i Sparebanken Vest har ambisjonar om å vera Noregs beste sparebank gjennom gode digitale løysingar, eit sterkt engasjement i samfunna vi er ein del av og dyktige lokale rådgjevarar som gjev meirverdi til kundane. Vi satsar i Hardanger og har ledig stilling som rådgjevar for personkundar. Vi er interessert i deg som ynskjer å gjere ei karriere som finansiell rådgjevar og som er interessert i å byggje sterke og varige relasjonar til kundane våre.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sal og personleg rådgjeving innan kreditt, sparing og plassering, forsikring og andre banktenester til banken sine eksisterande og nye kundar
  • Førebu og gjennomføre avtalte kundemøter i tråd med banken si plattform for rådgjeving og kommunikasjon for å gje kunden ei best mogleg heilskapleg og relevant rådgjeving.
  • Skaffe nye kundar til banken
  • Ansvar for vekst og lønsemd i eiga portefølje
  • Utarbeide planar for oppfølging av eiga portefølje

 

Faglege kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule (finans/økonomi/administrasjon)
  • Interesse for finansielle produkt og tenester og gjerne kredittfagleg kunnskap
  • Nokre år med erfaring frå sal og rådgjeving
  • Gjerne autorisert finansiell rådgjevar utan at det er eit absolutt krav.

 

Personlege kvalifikasjonar:

  • Målretta og sterk til å gjennomføre
  • Strukturert og effektivt og leverar når avtalt
  • Sjølvstendig, engasjert og fleksibel
  • Kjennskap til og relasjonar i lokalmarknaden
  • Kontaktskapande evne og god på å byggje relasjonar, både eksternt og internt
  • Gode evne til å kommunisere – skriftleg og munnleg
  • Trivast i eit hektisk og pulserande miljø.

 

Vi tilbyr:

  • Spanande utsikter i ein av Vestlandet sine leiande organisasjonar
  • Eit arbeidsmiljø der ein saman med engasjerte kollegaer frå bedrifts- og bustadmarknad arbeider i lag for å skape gode kundeopplevingar og resultat
  • Konkurransedyktige vilkår for løn, pensjon, forsikring og andre personalgode
  • Vidareutvikling av din kompetanse innanfor fag og autorisasjonskrav for finansielle rådgjevarar

 

Vil du vite meir om stillinga?
Ta kontakt med avdelingsbanksjef Marie Opheim på mobil 986 42701

Søknadsfrist: 3. januar 2020