• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    11.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3618751
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 18.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Kulturskulelærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger kommune har frå 01.08.21 ledig 29,2% fast stilling som kulturskulelærar. Det er mogeleg å søkja på delar av stillinga.

Samnanger kulturskule er ein del av kulturavdelinga i kommunen som består av kulturkontor, bibliotek, frivilligsentral og folkehelse.  Kulturavdelinga ligg under eining for innbyggjarservice saman med sørvissenteret og NAV.

Kulturskulen i Samnanger blei etablert i 1983 og har ca 70 elevplassar. Kulturskulen tilbyr undervisning i faga musikk og teater, og skulen samarbeider særskilt tett med Samnanger skulemusikklag som over fleire år har bygd opp eit stabilt og godt korpsmiljø.  Kulturskulen samarbeider og med dei to skulane, særskilt barneskulen, i tillegg til andre kulturaktørar.

Slagverklærar som behersker både klassisk og rytmisk slagverk, 9,6 %  fast stilling, 
Gitarlærar, 9,6 % fast stilling
Teaterpedagog, 10 % fast stilling

 

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning av elevar individuelt og/eller i gruppe
  • Oppgåver som naturleg følgjer med som mellom anna framsyningar, konsertar, kontakt med foreldre og korps, utviklingsarbeid i kulturskulen, personalmøte og planlegging


Kvalifikasjonar:

  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning
  • Søkjarar utan formalkompetanse, men med god realkompetanse kan vurderast.
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordelVed tilsetting må det framvisast gyldig politiattest


Personlege eigenskapar:

  • Personleg eigenskapar blir vekta høgt 
  • God kommunikasjons- og relasjonskompetanse med både vaksne og born
  • Gode samarbeidsevner.


Me tilbyr:

  • Løn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø.
  • Eit aktivt fagleg miljø i utvikling
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring


Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.

 

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    11.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3618751
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 18.03.2021