• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5091611
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 12.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Koordinator ved Gulen legekontor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Det tar omlag 1,5 time med ekspressbåt og 2 timar med bil frå Eivindvik til Bergen sentrum.

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som koordinator ved Gulen legekontor, frå snarast/etter avtale. Denne stillinga er retta mot drift, koordinering og utviklingsarbeid. Innføring av nytt journalsystem vil vere ei viktig oppgåve i oppstarten. Gulen legekontor er lokalisert i Gulen helsesenter, som husar legar, helsesjukepleiarar og helsesekretærar, som alle har eit nært samarbeid med kvarandre. Hovudkontoret er i Eivindvik, men legekontoret har også utekontor på Byrknes og i Brekke. Utekontora er del av arbeidsområdet til koordinatoren.  

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar/koordinering av dagleg drift for helsesekretærane
  • Helsekartlegging for flyktningar
  • Oversikt/utarbeiding av driftsplan/vekesplanlegging, årshjul m.v.
  • Vikarhandtering
  • Overordna ansvar for IKT
  • Planarbeid
  • Daglege arbeidsoppgåver på kontoret, til dømes; svare telefon og bistå pasienter i resepsjonen, blodprøvetaking, labarbeid, assistere ved småkirurgi og sårstell, oppgåver knytt til fagsystem, betalingsløysingar, bestillingar og elles administrative oppgåver
  • Vikariere ved behov
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode IKT-ferdigheiter og systemforståing
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, tydeleg, strukturert, effektiv og nøyaktig
  • Må ha gode samarbeidsevner, vere beslutningsdyktig og ha gode kommunikasjonsferdigheiter – både munnleg og skriftleg
  • Evne og vilje til å arbeide målretta og i tråd med eininga sitt oppdrag, mål og overordna føringar
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5091611
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 12.05.2023