Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ulvik kommune

KONSULENTSTILLING SKULE / SFO

Offentlige tjenester og forvaltning

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, sommarfestival, blueshelg og mykje meir! Lyden av Ulvik arrangerer konsertar i alle sjangrar. Hauge-senteret finn du midt i bygda. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod. Du får tilbod om barnehage- og SFO-plass om du ynskjer det. Hent meir informasjon på heimesida vår: www.ulvik.kommune

Brakanes skule er ein 1 – 10 skule, med 124 elevar.

Skulen legg vekt på god klasseleiing/læringsleiing og klassemiljøarbeid. Skulen er ein trivselsleiar-skule, og me har 30 min fysisk aktivitet for alle elevar – kvar dag! Det digitale har me arbeidd mykje med dei siste åra. Framover skal me ha auka fokus på lesing, både på digitale flater og i bøker. Me skal innføra eit dynamisk kartleggingsprogram som heiter Leselos. På uteleikeplassen vår har me fått ny ballbinge, og snart er aktivitetsløypa klar til bruk.

Me har eit tett samarbeid mellom skule, kulturskule og SFO.

-----------------------------------------------------------------------
Konsulentstilling skule/SFO – 80 % fast stilling -ledig frå 1. november 2021-

Vår konsulent har søkt nye utfordringar i annan kommune, og me søkjer hennar etterfølgjar.

Me søkjer ein person med utdanning som fagarbeidar innan kontor og administrasjon eller tilsvarande utdanning på høgskulenivå. Stillinga skal ivareta ulike administrative og praktiske støttefunksjonar i skule og SFO.

Arbeidsoppgåver som er lagt til stillinga:

Administrativt ansvar for SFO, m.a. søknadsprosess og tildeling av plassar på SFO

  • Ansvar for skuleskyss
  • Senda refusjonskrav
  • Vedlikehald av digitale elevmapper, samt elevmapper i papirarkiv
  • Vera superbrukar i Visma Flyt skule, Websak Fokus og andre administrative program som skulen/heradet nyttar
  • Koordinering av GDPR-arbeidet
  • Organisering og tilrettelegging av møteverksemd
  • Dagleg førefallande kontorarbeid og telefonteneste
  • Oppgåver etter avtale med rektor

Du må vera sjølvstendig, fleksibel i høve til arbeidsoppgåver og ha pågangsmot og godt humør i ein hektisk kvardag. Digital kompetanse er viktig for stillinga. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Søknadsfrist for stillinga er 20.09.2021

Lønn som konsulent/spesialkonsulent, etter kompetanse.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing snarast råd.

Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden.
Gyldig politiattest må leggjast fram før arbeidsstart.
Søknad kan/bør fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no,
og/eller sendast til postmottak@ulvik.kommune.no.

Ein kan også senda søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål i papirformat til:

Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor/kommunalsjef Rigmor Hanssen på telefon 4000 7153
eller på rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no.

Bruk referanse 21/505 når du søkjer på stillinga.

Meir informasjon om kommunen finn du på www.ulvik.kommune.no.