Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
31.08.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3923676Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 10.08.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Konsulent (fast)
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som konsulent ved sentraladministrasjonen. Stillinga er delt mellom økonomiavdelinga og løn- og personalavdelinga.
Økonomiavdelinga og løn- og personalavdelinga er i kommunedirektøren sin stab, og har kontor på kommunehuset i Eivindvik. Kommunen nyttar IT-verktøya Visma innan økonomi og løn- og personalarbeid og Acos Websak til sakshandsaming/arkiv. Digitalisering og utvikling av arbeidsprosessar og -verktøy er prioritert høgt i kommunen, og desse avdelingane er bidragsytatar i dette arbeidet.
Hovudarbeidsppgåver
Det vil verte oppgåver innan både økonomiavdelinga og løn- og personalavdelinga. Fordeling av arbeidsoppgåver innanfor kvar avdeling kan verte justert etter kompetansen til den som vert tilsett. Kommunesektoren er i stadig utvikling, og den som vert tilsett må vere med å bidra til utvikling og betring av prosessar knytt til løn- og personalarbeid og økonomi.
Aktuelle arbeidsområde innan økonomiavdelinga:
- Sakshandsaming husbanklån og startlån
- Økonomisk analyse og rapportering
- Rekneskapsoppgåver
- Rutineoppgåver knytt til økonomi
Aktuelle arbeidsoppgåver innan løn- og personalavdelinga:
- Sakshandsaming og personalforvaltning jf. lov- og avtaleverk i kommunen
- Oppgåver knytt til månadleg lønsarbeid
- Vedlikehald og utvikling av digitale system
Det kan komme andre oppgåver til i kommunedirektøren sin stab.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant høgskuleutdanning og/eller relevant erfaring. Realkompetanse og gode resultat innan arbeidsområdet kan verte vektlagt
- God IT- og systemkompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må kommunisere godt på norsk
- Førarkort klasse B
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring med Visma
- Erfaring innan offentleg administrasjon
- God kunnskap om og erfaring innan lov- og avtaleverk som gjeld for kommunane
- God kunnskap om økonomiarbeid innan kommunal sektor
Personlege eigenskapar:
- Må vere nøyaktig, systematisk, pliktoppfyllande og stabil
- Må vere fleksibel, kommunisere og samarbeide godt og vere løysingsorientert
- Vere sjølvstendig og ha evne til å lære og raskt setje seg inn i nye arbeidsområde
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Om søkjaren likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
31.08.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3923676Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 10.08.2021