Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
12.03.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5030453Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 23.02.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Konsulent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Det tar omlag 1,5 time med ekspressbåt og 2 timar med bil frå Eivindvik til Bergen sentrum. Kommunen har byggeklare tomter, både kommunale og private. Kommunen er elles behjelpeleg med å skaffe bustad for leige.
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som konsulent innan pleie og omsorgsteneste frå snarast. Stillinga er knytt til heimetenesta i områda Brekke, Dalsøyra og Byrknes, samt Miljøtenesta i Gulen kommune. Kontorstad for tida er Dalsøyra.
Hovudarbeidsppgåver
- Timelisteregistrering
- Attestere faktura
- Oppdatere/skrive ut/halde oversyn over endringar i vekeplanar, skaffe vikarar, hjelpe personalet med tilgangar og bruk av dataløysingar ved eininga (for tida Profil og ressursstyring)
- Arkivering
- Innkjøp i e-handel
- Bidra til god arbeidsflyt i/mellom einingane, og ut mot andre einingar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med fagbrev innan kontorfag og/eller erfaring innan kontorarbeid
- Gode dataferdigheiter
- Det er ein fordel å ha erfaring frå tilsvarande oppgåver
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Må vere stabil, systematisk, pliktoppfyllande og fleksibel
- Må kommunisere og samarbeide godt og vere løysingsorientert
- Vere sjølvstendig og ha evne til å lære og raskt setje seg inn i nye arbeidsområde
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
12.03.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5030453Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 23.02.2023